Kulturminnefondet etterspør fleire prosjekt i Setesdal.

Kulturminnefondet si tilskotsordning er eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminner. Også frivillige lag og organisasjonar kan søke.

Kulturminnefondet er ei statleg støtteordning for private eigarar av verneverdige kulturminner og miljø. Ordninga skal bidra til å auke innsatsen frå eigarar og næringslivet for å take vare på kulturminner, «vern gjennom bruk»,- opplevingar, kunnskap, utvikling og verdiskaping i lokalsamfunnet.

Kulturminnefondet kan støtte tiltak på til dømes hus og bygningar, båtar og fartøyer, hageanlegg og kulturlandskap.

Kulturminnefondet gjev normalt ikkje støtte til offentleg eigde bygg og anlegg, heller ikkje freda brygg eller flytting av bygg.

Lenke til heimesida til Kulturminnefondet: https://kulturminnefondet.no/

Lenke til søknadsprotalen: https://kulturminnefondet.no/soknad/

Biletet syner Kalven Seter i Oppland, fotograf er Tom Gustavsen.