Kulturprisen skal stimulere kulturlivet i kommunen og gi honnør for ein spesiell innsats innafor kulturfeltet. Prisen kan delast ut til enkeltpersonar eller lag og organisasjonar som har tilknyting til Valle kommune. Dersom to eller fleire kandidatar vert funne likeverdige kan prisen delast.

Veit du om ein eller fleire som fortener pris for innsatsen? Valle kommune oppmodar til å sende inn kreative og godt grunngjevne forslag!

Frist for innsending: 15. mars.

Saka blir handsama av levekårutvalet.
Prisen blir delt ut under 17.mai-arrangementet  på Hylestad soknehus. Forslag skal sendast skriftleg til Valle kommune v/leiar kultur og fritid, pb. 4, 4746 Valle, eller som e-post til

torunn.charlotte.nyberg@valle.kommune.no