Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Valle kulturskule opptak 2017/2018

Om Valle kulturskule

Valle kulturskule er synleg i lokalsamfunnet, og elevar og lærarar opptrer på ymse konsertar og arrangement i løpet av året. Kulturskulen arrangerer sjølv ein eller to store konsertar i året, pluss at vi saman med Bykle kulturskule arrangerer Ung Kultur Møtast (UKM) i februar/mars kvart år.
Valle kulturskule sitt faste undervisningslokale er i Spelestoga, som ligg i skuleområdet ved Valle skule og Setesdal vgs. Elevar ved Hylestad barneskule får si undervisning på Hylestad skule.

Meir informasjon om tilbodet og prisar finn du i dokumenta under.