Rock i Brokke 2013

Valle kulturskule opptak 2017/2018

Søknadsfrist 18. mai

Om Valle kulturskule

Valle kulturskule er synleg i lokalsamfunnet, og elevar og lærarar opptrer på ymse konsertar og arrangement i løpet av året. Kulturskulen arrangerer sjølv ein eller to store konsertar i året, pluss at vi saman med Bykle kulturskule arrangerer Ung Kultur Møtast (UKM) i februar/mars kvart år.
Valle kulturskule sitt faste undervisningslokale er i Spelestoga, som ligg i skuleområdet ved Valle skule og Setesdal vgs. Elevar ved Hylestad barneskule får si undervisning på Hylestad skule.

Meir informasjon om tilbodet og prisar finn du i dokumenta til høgre på sida.

 

Tildeling av plassar

Valle kulturskule tilbyr undervising innaføre ulike instrument, til dømes song, gitar, piano, trommer, fiolin, ukulele, med meir. Kva for tilbod som vil bli gitt avheng av etterspurnad, tilgjengelege lærarressursar og kva for stillingssamansettingar som er mogelege. Vedtak om plass blir truleg sendt ut før sommarferien, per e-post. Lærar kontaktar elev/foreldre før skulestart vedrørande informasjon om tidspunkt for timeplan.

Informasjon om søknadsskjemaet

Vi tek atterhald om endringar i tilbodet, og oppmodar derfor alle søkjarar om å fylle ut 2.val i søknadsskjemaet.

Dei som vil søkje på band må skrive dette inn som 2.val, og krysse av for at dei ønskjer undervising i begge faga.

Lenke til søknadsskjemaet

Kontaktinformasjon

Postadresse:
Postboks 4, 4747 Valle
Besøksadresse:
Kommunehuset, 1. høgda, Valle
Telefon:
37 93 75 00
 
 
Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS