Valle kommune har vedteke å halde fram arbeidet med innsamling og kartfesting av stadnamn. Arbeidet skal utførast i samarbeid med Setesdalsmuseet.

Prosjektet tek utgangspunkt i tidlegare innsamlingsarbeid og vil bestå i å supplere det arbeidet som alt er gjort, og få med dei områda der det så langt ikkje er registrerte.

Stillinga krev lokal kunnskap og generell datakompetanse. Førarkort er ein føresetnad.

Det er ledig ei prosjektstilling i 20% for eitt år med moglegheit for vidareføring. Løn etter avtale.

Søknadsfrist 1. august.

For meir informasjon sjå https://www.setesdalsmuseet.no/setesdalsliv/nytt-fra-setesdalsmuseet/stadnamninnsamling/

eller kontakt Setesdalsmuseet v/ Leonhard Jansen mob: 92633740