Tilsette i Valle kommune gir uttrykk for stor grad av stoltheit over det dei bidreg med i samfunnet.
84 %  opplever det slik og det er ein score på nivå med dei beste verksemdene i Noreg! 
Vi er stolte over samfunnsbidraget «dette er ikkje berre ein jobb» seiar medarbeidarane i Valle kommune

Skulane i Valle kommune oppnådde ein gjennomsnitt score på godt over 70%. Dette gjer dei til sertifiserte tenestestader! Dette betyr at dei har oppfylt krava til ein global standard som kjenneteiknar gode arbeidsplassar! Vi er stolte, og glade for dei gode resultata vi har oppnådd i skulane i Valle kommune. Det vert jobba aktivt og godt med arbeidsmiljøet av motiverte medarbeidarar. Dette er til inspirasjon, og noko å strekke seg etter for resten av kommunen. Biletet over syner to stolte rektorar, med sertifisering frå "Great place to work"

Det må nemnast at kommunen som heilskap fekk ein gjennomsnitt score på 69% som betyr at vi var veldig nær ei sertifisering for heile kommunen. Dette er veldig bra med tanke på at det er første gong ein slik type undersøking er gjennomført i Valle kommune.

Heile poenget med å gjere denne typen undersøkingar er å forbetre arbeidsmiljøet og å auke tillitsnivået; det får ein berre til om heile organisasjonen blir  involvert i forbetringsarbeidet. Vidare vil det bli eit fokus på å «løfte» arbeidsmiljøet i kommunen som heilskap slik at vi når ei slik sertfisering for heile kommunen. Det er planlagt å gjennomføre ei ny undersøking våren 2018, på denne måten kan vi måle om dei tiltaka vi set i verk har hatt innverknad på arbeidsmiljøet i kommunen.