Plan. Og miljøutvalet har vedteke forslag til endring av områderegulering for Valle sentrum. PlanID 201102, datert 26.06.2013, samt endringar i føresegner som skildra i saksutgreiinga. Endringa skjer på bakgrunn av vedtak gjort av Kommunestyret 27.02.19, PS 8/19 – oppfølging av førespurnad om leige av areal i kommunehuset. Joker Valle/Andersens kolonial AS skal leige areal i fyrste etasje i Kommunehuset.

Plan- og miljøutvalet sitt vedtak kan klagast på av ein part eller andre med rettsleg klageinteresse i saka, jfr. Plan- og bygningslova § 12-12 og § 1-9. Ev. klage må framsettast skrifteleg til Valle kommune innan 1. april 2020. Ved ev. klage må kva klaga gjeld  og grunngjeving for klagen kome fram.

 

Vedtak – endring av områderegulering for Valle sentrum

Plankart