Setesdal regionråd har ei støtteording for verksemder i Setesdal som vil miljøsertifiserast.

I samarbeid med konsulent og stiftinga Miljøfyrtårn inviterar vi til infokveldar i Bykle og på Evje.

I Bykle, på Bykle Hotell mandag 26.08 kl 18.00. PÅ Evje, Dølen hotell tysdag 27.08 kl 18.

Setesdal er berar av merket for Berekraftig reisemål.  Det medførar eit tydeleg ansvar for å ta klima og miljø på alvor, og det er viktig med eit godt samspel mellom lokalsamfunn, kommunar og næringsliv.
 

Vi ser at marknaden i aukande grad vil etterspørre miljøfokus,- både nasjonalt og internasjonalt. Ei miljøsertifisering syner at verksemda tek miljøet på alvor,- at ein tek ansvar for å sikre ein berekraftig bruk av ressursane. Miljøsertifisering vil også i enda sterkare grad bli eit krav om ein skal levere varar og tenester til det offentlege.

Miljøfyrtårn-sertifisering handlar om å ha interne rutinar på klimagassutslepp, forbruk, avfallshandtering, hms og sjukefråver, energiforbruk og liknande,- og handlar om å strekke seg etter å bli betre på desse områda.

Verksemder som er sertifiserte meldar om forbetra resultat,- mindre sjukefråver, auka kontroll på energibruk,- auka fokus på miljø og berekraft.

På infokveldane går vi gjennom stega i prosessen og informerer om støtteordninga. Det vert også ein kaffeskvett og noko å bite i.  

I Bykle, på Bykle Hotell mandag 26.08 kl 18.00.

På Evje, Dølen hotell tysdag 27.08 kl 18.

Påmelding innan 20.08 til runar.granheim@setesdal.no eller på telefon 48203664