Brukarstyrt personleg assistanse
Tenesta omfattar praktisk og personleg hjelp i dagleglivet for deg som er sterkt funksjonshemma. Innafor dei timerammene som vedtaket i kommunen gir, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar(ar), kva assistenten(-ane) skal gjere, og kor og til kva for tider hjelpa skal givast. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv trass i sterk funksjonshemming.
Målgruppe
Funksjonshemma med eit samansett og omfattande behov for tenester og som er i stand til å ta arbeidsleiarrolla. Ein skal òg kunne nytte ordninga for personar som ikkje kan ta vare på denne rolla sjølv, som personar med psykisk utviklingshemming og familiar med barn med nedsett funksjonsevne.
Kriterium
Personar som har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker.
Namn
Pleie og omsorg
Adresse
Postboks 4, 4747 Valle
Tlf
3793 7600
E-post
post@valle.kommune.no
Besøksadresse
Valle Bygdeheim, 4747 Valle
Ansvarleg eining
Pleie og omsorg
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om personleg assistanse.
Skjema
Søknadsskjema finn du på høgre side. Du kan og ta kontakt med Velkomstsenteret i Valle kommune, telefon 379 37 500, for å få tilsendt søknadsskjema pr. post.
Søknadsfrist
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Søknad sendast
Pleie og omsorg
Postboks 4, 4747 Valle
Handsaming
Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Klagemuligheit
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt til dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.
|
|
|
|