Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksTenesteområde > Helse og legetenester Gå til hovedinnhold
Tjenestebeskrivelse 

Barselgrupper

Tenesta er eit opplysnings- og rettleiingstilbod til nye foreldre. Foreldra kjem saman på helsestasjonen i lag med helsesyster. Blant dei temaa ein kan ta opp i gruppene, er desse

  • amming
  • barnestell
  • kosthald
  • tannhelse
  • leik
  • utviklinga til barnet
  • inneklima
  • førebygging av ulykker
  • samliv
  • sosialt nettverk

Omtale av tenesta

Målgruppe

Nye foreldre

Kriterium

Alle som nettopp har fått eit barn og som ønskjer å vere med i barselgrupper.

Pris

Tenesta er gratis.

Kontaktinformasjon

Namn

Helse

Adresse

Postboks 4, 4747 Valle

Tlf

3793 7540

E-post

post@valle.kommune.no

Besøksadresse

Helsehuset 1. høgda, 4747 Valle

Ansvarleg eining

Helse

Søknadsprosess

Rettleiing

Når du har født eit barn, vil du bli kontakta av helsestasjonen, som vil gje deg tilbod om å vere med i barselgruppe. Du kan også sjølv ta kontakt med helsestasjonen.

Søknad sendast

Helse
Postboks 4, 4747 Valle

Klagemuligheit

Dersom du meiner at du ikkje har fått dei tenestene du har krav på, kan du ta kontakt med kommunen. Elles gjeld reglane i pasientrettigheitslova om høve til å klage, sjå kapittel 7.

Lover og retningsliner

Lover

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta, jf. kommunehelsetenestelova § 1-3 og forskrift om helsefremjande og førebyggjande arbeidet i kommunen.

Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Kommunehelsetjenesteloven
Pasientrettighetsloven

Tjeneste - info 
Valle, Redaktør Sist oppdatert 11.07.2006 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 
Relaterte - statiske gruppert 
Andre tenester i kategorien 

Helse og legetenester

Untitled [3] 
Piktogram Turisme, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune Piktogram - Handel og næring -små bokstavar, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Ove Kjetså Piktogram - Lag og organisasjonar, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune Piktogram - Om Valle, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune Piktogram - Miside