Drikkevatn som kommunen leverer, skal vere hygienisk trygt, klårt og utan framtredande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan føre til fare for helseskade ved vanleg bruk.
Kommunen skal varsle forbrukarane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, for eksempel reinsing/spyling av leidningsnettet. Sjå annonsar i pressa osb. Kommunen kan gje restriksjonar for å bruke vatn når det er vassmangel. Dersom naudssituasjonar (katastrofar osb.) gjer det nødvendig å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil forbrukarane og næringsverksemder bli informerte om situasjonen og om kor lenge den mellombelse/provisoriske vassforsyninga vil vare. I område utan kommunal vassforsyning må innbyggjarar, næringsliv osb. etablere eiga ordning for vassforsyninga. Kommunen kan ikkje gje byggjeløyve utan at det finst tilfredsstillande vass- og avløpsløysingar.
Dersom du meiner at kommunen ikkje leverer vatn i samsvar med krava i mellom anna drikkevassforskriften, kan du reklamere etter forbrukarkjøpslova.