Avløp - offentlege avløpsanlegg
Kommunen etablerer, driftar og held ved like offentlege avløpsanlegg (avløpsnett, avløpsanlegg og utsleppsinnretning). Målet er å samle opp avløpsvatn, transportere vatnet til eigna reinseanlegg og sleppe det vatnet som er reinsa ut i ein vassførekomst. Anlegget skal førebyggje ureining av miljøet og hindre overfløyming. Avløpsvatn tyder her vatn frå bustader og næringsliv, dvs. både sanitært og industrielt avløpsvatn, og overvatn/drensvatn. Kommunen har ansvar for utslepp frå det offentlege avløpsanlegget. Kommunen rapporterer utsleppsdata til Fylkesmannen via KOSTRA (det internettbaserte systemet til Statistisk Sentralbyrå). Utsleppsdataa viser blant anna i kva grad avløpsreinseanlegget følgjer reinsekrava.
Målgruppe
Innbyggjarar, næringsliv
Kriterium
Bustader og verksemder må vere kopla til eller skal koplast til det offentlege avløpssystemet ved privat stikkleidning til hovudleidning. Kommunen kan gjennom enkeltvedtak krevje rehabilitering av private stikkleidningar for å hindre ureining.
Pris
Prisen for å kople seg til og nytte det offentlege avløpsnettet blir fastsett av kommunestyret.
Namn
Teknisk avdeling
Adresse
Postboks 4, 4747 Valle
Tlf
3793 7500
E-post
post@valle.kommune.no
Besøksadresse
Kommunehuset, kjellar, 4747 Valle
Ansvarleg eining
Teknisk avdeling
Klagemuligheit
Der kommunen gjer eit enkeltvedtak (pålegg om tilkopling etter plan- og bygningslova, rehabilitering), kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
Lover
Plikta til å vere kopla til eit offentleg avløpssystem går fram av § 66 i plan- og bygningslova. Sjå § 22 i ureiningslova om krav om rehabilitering av private stikkleidningar for å hindre ureining.
|
|
|
|