Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksTenesteområde > Helse og legetenester Gå til hovedinnhold
Tjenestebeskrivelse 

Behandlingsreise til utlandet

Behandlingsreise til utlandet er eit supplement til ulike behandlingstilbod som finst i Noreg. Dei fleste behandlingane skjer i Spania, Tyrkia, Serbia, Montenegro og på Kanariøyane.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Personar som har
  • astma, kroniske lungesjukdommar og atopisk eksem (born og unge)
  • psoriasis
  • betennelsesaktig revmatisk sjukdom
  • seinskadar etter poliomyelitt (postpolio)

Kriterium

Du må ikkje lide av andre alvorlege sjukdommar som til dømes
  • angina pectoris / nyleg hatt hjarteinfarkt
  • hjartesvikt
  • ubehandla høgt blodtrykk
  • kreftsjukdom (det skal gå tre år etter avslutta behandling)
  • alvorlege psykiske lidingar
Legen vil kunne gje deg fleire opplysningar om kva for sjukdommar som kan hindre deg i å reise. Alle som søkjer må i utgangspunktet kunne greie seg sjølve.

Pris

Du må betale ein eigendel. Born og ungdom betaler ingen eigendel.

Samarbeidspartnarar

Rikshospitalet Helseføretaka

Kontaktinformasjon

Namn

Helse

Adresse

Postboks 4, 4747 Valle

Tlf

3793 7540

E-post

post@valle.kommune.no

Besøksadresse

Helsehuset 1. høgda, 4747 Valle

Ansvarleg eining

Helse

Søknadsprosess

Rettleiing

Hos NAV Trygd får du søknadsskjema (to eksemplar) som du tek med deg til legen. Det eine skjemaet blir fylt ut av legen, det andre fyller du ut sjølv.

Vedlegg

Epikrise frå revmatolog (ikkje eldre enn fem år) og andre viktige opplysningar som kan vere viktige

Søknadsfrist

Sjå lenkje Behandlingsreiser til utlandet i feltet Brosjyrar, dokument, kart og liknande.

Handsaming

Søknaden blir medisinsk vurdert av ein lege i Behandlingsreiser.

Klagemuligheit

Det er ingen moglegheit til klage, men du kan sende inn tilleggsopplysningar som kan endre prioriteringa.

Lover og retningsliner

Lover

Dette er ikkje ei lovpålagd teneste.
Tjeneste - info 
Valle, Redaktør Sist oppdatert 23.02.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 
Relaterte - statiske gruppert 
Andre tenester i kategorien 

Helse og legetenester

Untitled [3] 
Piktogram Turisme, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune Piktogram - Handel og næring -små bokstavar, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Ove Kjetså Piktogram - Lag og organisasjonar, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune Piktogram - Om Valle, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune Piktogram - Miside