Levekårutvalet vedtok 18.04. å lyse ut namnekonkurranse for bygget som skal huse Valle bibliotek, kyrkjestove, kyrkjekontor og fleirbrukssal og vere ein møteplass for alle. Hovudprinsippa er som følgjer:

· Namnet skal kunne femne om alle funksjonane bygget inneheld.

· Ordinære rettskrivingsreglar skal følgjast.

· Namnet må vere lett å oppfatte, i dagleg tale og til dømes på telefon.

· Ein bør unngå namn som kan forvekslast med andre stadnamn i kommunen.

Det er oppretta ein komité som skal vurdere forslaga som kjem inn, og levekårutvalet gjer endeleg vedtak i sitt møte i juni.

Vi oppmodar alle våre innbyggjarar om å sende inn forslag, til post@valle.kommune.no. Du må gjerne grunngjeve forslaget ditt/fortelje om tankane dine bak forslaget.

Frist: 17.mai.