Det er vedtatt nye bestandsplanar for Setesdal Ryfylke og for Setesdal Austhei villreinområde (2019-2023). Planane skal bidra til ei bærekraftig forvaltning av villreinen med omsyn til bestandstorleik og bestandsutvikling.

 

I Setesdal Ryfylke er det eit hovudmål å bidra til at dyra brukar ein større del av området. Dette vil ein gjere ved å gradvis auke talet på vinterdyr sør for Blåsjø frå 1300 til omlag 2000 dyr. Samla for Setesdal Ryfylke villreinområde ynskjer ein ikkje at bestanden skal bli større enn 4000 vinterdyr. Kondisjon og kalvetilvekst skal ein halde ved lag innanfor eit akseptabelt nivå. I høve til storbukkprosenten skal denne i løpet av perioden aukast opp mot 25 %.

 

I Setesdal Austhei er hovudmålet at villreinbestanden skal haldast på eit nivå som ikkje reduserer beitegrunnlaget og som blir forvalta på ein måte som gjev sunne og livskraftige dyr. I planperioden skal bestanden aukast opp mot 1500 vinterdyr. Storbukkprosenten skal haldast på minst 20 %. Kvaliteten på dyra i Setesdal Austhei blir i dag rekna som god, og kalveproduksjonen er høg.