I samsvar med plan- og bygningsloven § 12-10 blir detaljregulering for Leite Sør lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i plan- og miljøutvalet 11.06.19, sak 64/19.

Planområdet omfattar felt B4 og B5 i områdereguleringsplan for Valle sentrum, vedteken 26.06.2013. Formålet med planarbeidet er å regulere inn bustader med tilhøyrande infrastruktur.

Planen er i samsvar med kommuneplanens arealdel.

Plankart med føresegner og planomtale, og andre sentrale dokument i saka, er lagt ut på Velkomstssenteret i Valle kommune. Den ligg også i planinnsyn.

 

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Valle kommune, innan 23. august 2019.

Adresse: Plankontoret, Postboks 4, 4746 Valle

e-post: post@valle.kommune.no

 

Kontaktpersonar for saka:

Torleif Homme, torleif.homme@valle.kommune.no

Anne S. Lislevand, anne.lislevand@wsp.com