Du er her: Heim > Om Valle
Foss-valle

Om Valle kommune

Valle kommune har eit samla areal på omlag 1290 km2. Av dette er 0,7% jordbruksareal i drift, 9,2% skogsareal, 5,1% vatn og 84,7% heieareal. Lengda på kommunen etter rv. 9 er 40 km.

Valle kommune har ca. 1200 innbyggjarar. Det er to senter i kommunen, Rysstad og Valle. Kommuneadministrasjonen ligg i Valle. Det var 1. januar 1962 at Valle og Hylestad vart slegne saman til ein kommune, som fekk namnet Valle. Valle ligg omlag 300 m.o.h. og Hylestad omlag 260 m.o.h. Setesdal Austhei og Vesthei ligg jamt over mellom 800 og 1000 m.o.h. I Rjuvenområdet på Vestheia er det fleire toppar over 1400 m.o.h. På Austheia er Ljomsnuten den høgaste med 1268 m.

Glimt frå historia

Setesdal har ikkje vore så isolert og avstengd som ulike historiebøker og skrifter seier. Dei mange fornfunna av smykke og våpen syner at det har vore ganske aktiv kontakt med andre delar av landet og med kontinentet.

Valle har gjennom historien vore knytt til Aust- og Vestlandet gjennom to viktige ferdsleårer. Den eine var Skinnvegen, som gjekk frå Valle til Lysebotn. Herifrå måtte ein ro til Stavanger. Etter at kristendomen vart innførd, vart Setesdal liggjande under Stavangerbispen, noko som førde til at bøndene måtte reise til Stavanger for å betale tiende til kyrkja. På den tida vart huder og skinn mykje nytta til betaling. Det har og gjeve namn til vegen.

Ein annan fjellveg som har vore i bruk i fleire hundre år vert kalla Bispevegen. Han går frå Kleivgrend i Fyresdal til Tveitebø i Valle. Den siste bispen som for over fjellet på visitasreise var Jacob von der Lippe, biskop i Kristiansand 1981-66.

Vegen vart ikkje berre nytta av biskopar, her drog også pilegrimar, brurefylgje, handelsfolk og gjetarar.Hovudtrafikken gjekk nok likevel sørover, mot Kristiansand og Arendal. Heilt fram til "Postvegen" kom til Valle i 1844 gjekk ferda over kronglute heiar og fjell.

Sylvsmedtradisjonen

Til setesdalsbunaden høyrer det mykje sylv. Det er derfor ikkje å undrast over at dalen etter kvart har fått mange sylvsmedar. Det var fyrst på 1900-talet sylvsmedkunsten fekk skikkeleg fotfeste og utbreiing. I byrjinga av 1970-åra heiter det at kvar tredje husstand i Hylestad hadde sylvsmie. Små skilt langs riksvegen syner at det framleis er fleire som arbeidar innan faget.

Kraftutbygginga

Rennande vatn har i over 90 år gjeve inntekter til kommunekassene i Bykle og Valle. For Valle starta utbygginga på 60-talet, med bygging av Brokke kraftstasjon på Nomeland. Han vart sett i drift i 1964, og vart i 1981 driftssentral og "nervesenter" til Otra Kraft i samband med at Holen kraftverk i Bykle vart sett i drift. Brokke-utbygginga førde til at fleire bruer gjennom Setesdal måtte utbetrast. Tunnelen gjennom Fånefjellet i 1962 var også ei naudsynt investering. Fleire andre mindre vassdrag, fossar og bekker er regulerte

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS