Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline29. mai kl. 10:35

Ver varsam med eld i skog og mark!

Med skogbrannane i fjor sommar sterkt i minne så vil vi oppmode folk til å vere ekstra varsame med eld i skog og mark og i samband med grilling.

Vi minner om at det er eit generelt forbod 15. april -15. september mot å gjere opp eld i nærleiken av skog og utmark.

Les meir... clear

Omsorgsbustad

Tenesteomtale

Ein omsorgsbustad er ein bustad som er tilpassa rørslehemma og lagt til rette slik at bebuaren skal kunne ta imot heildøgns omsorg etter behov. Bustaden er bebuaren sin eigen heim. Bebuaren betalar husleige og mottek heimetenester på same vilkår som for andre heimebuande.

Målgruppe

Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre.

Kriterium/vilkår

Kommunen tildeler omsorgsbustad etter vedtekne reglar.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Dette er ikkje ei lovpålagd teneste. Opphald i omsorgsbustad er regulert gjennom husleigekontraktar, jf. husleigelova. Tildeling av omsorgsbustad er eit enkeltvedtak med dei rettane og pliktane som følgjer av forvaltningslova.

Forvaltningsloven
Verdighetsgarantiforskriften

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgsbustad, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.  

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 29.09.2017 15:06