Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline29. mai kl. 10:35

Ver varsam med eld i skog og mark!

Med skogbrannane i fjor sommar sterkt i minne så vil vi oppmode folk til å vere ekstra varsame med eld i skog og mark og i samband med grilling.

Vi minner om at det er eit generelt forbod 15. april -15. september mot å gjere opp eld i nærleiken av skog og utmark.

Les meir... clear

Opplæring for elevar med hørselshemming

Tenesteomtale

Elevar med hørselshemming har rett til å få tilrettelagt opplæringstilbod gjennom heile skoletiden sin. Dette gjeld undervising, SFO, klasseorganisering, utstyr og bygningsmessige tilpasninger.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule med hørselshemming.

Lover

Sjå spesielt

Folketrygdlova § 10-7
Barnehagelova § 19g
Opplæringslova § 9a-2, 2-6, 3-9

Barnehageloven
Folketrygdloven
Opplæringslova
Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Det er forventa at skulen er orientert. Likevel bør du som forelder/føresett ta kontakt med den framtidige skulen tidlegast mogleg for å orientere om at, og når, barnet ditt skal byrja i 1. klasse.

Tjenesten oppdatert: 01.03.2018 13:18