Ansvar for kart og oppmåling ligg under Teknisk avdeling. Teknisk avdeling ligg i underetasjen på kommunehuset i Valle.

Kart- og oppmålingstenesta omfattar frådeling, seksjonering, oppmåling, samanslåing, matrikkelføring og ajourføring av det digitale kartverket. Tenesta gjeld også tildeling av adresser.

Kommunen sine kartdata er tilgjengeleg på heimesida, inklusive planar. Sjå "Tilknyttede elementer". Du kan finne eigedomen din ved å søkje på gards- og bruksnummer i vår web-kartløysing.

Eigedomsopplysningar vedr. søknadar kan du få ved å kontakte Velkomstsenteret på telefon eller e-post.