Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for sentrumsutvikling i Rysstad. Viktige tema i prosessen vil vere tilrettelegging for næringslivet, nye bustader og ivaretaking av kulturinteressar. Det er viktig å få avklåra interessene og moglegheitene for næringsutvikling i området. Samtidig kan ein vurdering av kulturminna i området hjelpe til å definere handlingsrommet og tolegrensa for endring. 

I kommuneplan er området avsett til «detaljeringssone – reguleringsplan skal fortsatt gjelde».
Planforslaget utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing i samsvar med «Forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven».  

Eventuelle kommentarar, merknader, opplysningar m.v. som kan ha betydning eller interesse for planarbeidet kan sendes skriftleg til:
Valle kommune (merk merknaden med saksnr: 19/58)
Postboks 4, 4746 Valle, eller post@valle.kommune.no, innan 15.mars 2019.

Spørsmål om eller innspel til planarbeidet kan rettes til planleggjar Anne Sæther Lislevand,  tlf: 922 68 146, e-post: anne.lislevand@wsp.com