Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Pasient- og brukarombodet

Tenesteomtale

Du kan kontakte pasient- og brukarombodet dersom du er misnøgd med den hjelpa du har fått på sjukehuset eller av den kommunale helse- og omsorgstenesta. Ta òg kontakt dersom du meiner at du ikkje får oppfylt rettane dine som pasient, brukar eller pårørande eller du treng rettleiing. Ombodet kan gi deg informasjon om rettane dine, hjelpe deg med å formulere ei klage eller vidaresende klaga di til rett adressat.

Pasient- og brukarombodet har teieplikt og er sjølvstendig og uavhengig.

Målgruppe

Alle kan vende seg til pasient- og brukarombodet, uavhengig av om dei får sjukehusbehandling eller kommunale helse- og omsorgstenester.

Kriterium/vilkår

Arbeidsområdet til pasient- og brukarombodet er statlege spesialisthelsetenester og kommunale helse- og omsorgstenester.

Pris for tenesta

Hjelpa er gratis.

Lover

Sjå blant anna psykisk helsevernloven § 4-5 og pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 8

Pasient- og brukerrettighetsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Psykisk helsevernloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Ta kontakt med pasient- og brukarombodet i fylket. Du kan vende deg dit anonymt dersom du ønskjer det. Ombodet gir deg råd om kva du bør gjere, men du avgjer sjølv om du vil gå vidare med saka di.

Saksbehandling

Pasient- og brukarombodet avgjer sjølv om framlegget ditt gir tilstrekkeleg grunn til å behandle saka. Dersom ombodet vel å ikkje gjere noko med saka, skal du få ei kort grunngjeving for kvifor.

Tjenesten oppdatert: 29.09.2017 15:47