omsorg

Pleie og omsorg

Formålet til tenesta er å syte for alle som til ei kvar tid oppheld seg i kommunen skal få nødvendig og kvalifisert helsehjelp, som pleie og omsorg og praktisk bistand.

Tenesta vert gitt i form av institusjonsopphald, sjukeheim, heimesjukepleie og hjelp til praktiske gjeremål i heimen.

Tenesta er regulert av Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. (Helse- og omsorgstenestelova).

§ 3-2, fyrste ledd nr. 6, bokstavene a til d:
a. helsetenester i heimen
b. personleg assistanse, gjeld også praktisk bistand/opplæring og støttekontakt
c. plass i institusjon, gjeld også sjukeheim
d. avlastningstiltak
§ 3-6, omsorgsløn
§ 3-8, brukarstyrt personleg assistanse

I tillegg har kommunen tilbod om:

  • bustader,
  • matombringing,
  • tryggleiksalarm
  • dagtilbod.

For alle desse tenestene kan du nytte søknadsskjema "kommunale tenester". Skjemaet finn du til høgre på sida.

 

 

Kontaktinformasjon

Leiar Pleie og omsorg:
 Solveig Kyrvestad
Telefon: 912 47 155
 
Postadresse:
Postboks 4, 4747 Valle
Besøksadresse:
Valle Bygdeheim, Leitebakken 19, 4747 Valle
 
Telefon:
37 93 76 00
Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS