Kommunelovas § 23 omhandlar administrasjonssjefen i kommunane. I Valle kommune er det vedteke at tittelen på administrasjonssjefen skal vere rådmann.

 

Rådmannen er den øvste leiar for den samla kommunale administrasjon, med dei unntak som følgjer av lov, og innafor dei rammer kommunestyret fastset.

 

Rådmannen skal sjå til at dei saker som vert lagt fram for dei folkevalde organ, er forsvarleg utgreia og at vedtak vert sett i verk.

 

Rådmannen har møte- og talerett, personleg eller ved ein av sine underordna, i alle kommunale eller fylkeskommunale folkevalde organ med unntak av kontrollutvalet.

 

Kommunalt folkevaldt organ kan gje rådmannen mynde til å treffe vedtak i enkeltsaker eller typer av saker som ikkje er av prinsippiell betydning.

 

Rådmann i Valle kommune er Aud Sunniva Fuhr

 

Kontaktinfo til rådmannen:

Tlf. 37 93 75 03 /930 00 570

E-post: Aud.Sunniva.Fuhr@valle.kommune.no