Reduksjon eller fritak for skatt
Tenesteomtale
Som hovudregel skal alle betale den skatten som er fastsett. I visse tilfelle kan du søkje om å få utsett betalinga, få redusert skatten eller sleppe å betale skatt.
Målgruppe
Skattepliktige som ikkje er i stand til å betale heile eller delar av den skatten dei skuldar.
Kriterium/vilkår
Du kan få utsett innbetaling av skatte- og avgiftskrav dersom du er mellombels ute av stand til å betale skatten. Årsaker kan vere dødsfall eller alvorleg sjukdom. Skattekravet kan bli sett ned eller fråfalle dersom betalingsevna di er varig svekt.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Skatteoppkrevjaren (kemner/kommunekasserar), Skatteetaten
Lover
Sjå skattebetalingslova kapittel 15.
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Skatteoppkrevjaren vil kunne hjelpe deg med å setje opp ein søknad. Den skal innehalde
- namn
- stilling
- sivilstand
- inntekt (ev. inntekta til sambuaren/ektefellen/partnaren) dei siste to åra
- kor mange som blir forsørgja og alderen deira
- opplysning om skatten er basert på skattemelding eller skjønnsfastsetjing
- kva for krav som blir søkt ettergjevne
- opplysning om eventuell sjukdom
- melding om faste utgifter
- grunngjeving for søknaden
Alle opplysningane bør vere dokumenterte.
Vedlegg
Kopi av skattemelding for dei siste to åra, eventuelt siste skjønnsfastsetjing
Saksbehandling
Skatteutvalet avgjer ettergjeving av skatt inntil kr 200 000. I saker som gjeld summar over kr 200 000, har skattekontoret avgjerdsmyndet. Skatteoppkrevjaren kan avgjere søknader om ettergjeving/nedsetjing som gjeld forseinkingsrenter på inntil kr 50 000.
Høve til å klage
Det er ikkje høve til å klage over vedtak som er gjort av skatteutvalet. For vedtak som er gjort av skatteoppkrevjar eller skattekontor, kan du klage til overordna organ etter reglane i forvaltningslova. Du kan likevel søkje på nytt dersom du meiner at saka ikkje har vore tilstrekkeleg opplyst eller at situasjonen har endra seg.
Tjenesten oppdatert: 29.09.2017 17:51