Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga
Om maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til familien eller huslyden, skal du ha redusert pris. Det vart innført 1. mai 2015.
Ordninga går ut på at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen.
 
Gratis kjernetid for 4- og 5-åringer - No også for 3-åringar!
Frå 1. august 2016 har alle 3-, 4- og 5-åringer, og barn med utsett skulestart, som bur i huslydar med låg inntekt rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Den ordninga gjeld for familiar eller huslydar som har ei samla inntekt på mindre enn 417 000 kroner.
 
Fleire opplysningar om moderasjon og gratis kjernetid finn du på Udir si heimeside.
 
Søknadsskjema finn du her.