Marit Jaabæk Brokke er tilsett som rektor ved nye Valle skule. Marit J. Brokke går frå stillinga som rektor ved noverande Valle skule til rektor ved nye Valle skule fom. 01.08.2019.

27.02.2019 vedtok Valle kommunestyre å slå saman Hylestad og Valle skular, og leggje ein samla grunnskule til Valle skule. Bygningane som har husa Hylestad skule skal takast i bruk av Setesdal folkehøgskule.

Kommunestyrets vedtak i sak PS 10/19 Nedlegging av Hylestad skule, flytting av elevane til Valle skule, avhending av Hylestad skule:

  • Hylestad skule blir lagt ned innan 31.07.19. Elevane ved 1-7 trinn ved Hylestad skule blir flutt til Valle skule frå skulestart hausten 2019.
  • Valle kommune gjev tilbod om SFO ved Valle skule lokalisert til skuleanlegget i Valle.
  • Rådmannen orienterer kommunestyret om kostnader ved endring av skulestruktur i 1.tertial. Konsekvensar og eventuell budsjettregulering blir handsama i 2.tertial.
  • Setesdal folkehøgskule får tilbod om å overtake bygningar og tomt som er Hylestad skule i dag, vederlagsfritt. Rådmannen startar dialog med Setesdal folkehøgskule om avhending av Hylestad skule og avtalefeste bruk av gymnastikksal.
  • Rådmannen kjem attende med utgreiing av tilbod med skyss for elevar i SFO til Hylestad.

 

Du kan lese saka i sin heilskap her: http://159.171.48.136/eInnsynValle/Dmb/DmbMeetingDetail?meetingId=148