Kva skjer med avfallet frå Setesdal

Innsamling

Renovasjonsbilen har to separate kammer og tar derfor med seg 2 parti kvar gong, utan at desse vert blanda. På Syrtveit vert kvar enkelt parti lessa av i sitt respektive mottaksområde og haldast såleis avskilt til dei er ferdig behandla.

Matavfall komposterast på Syrtveit, komposten vert nytta til vekstlag på deponiet. Du kan ved å ta kontakt med SMG få kjøpt matavfallskompost og jordblandingar der det er brukt matavfallskompost.  

Papp og papir vert pressa i ballar og sendt til Peaute Recycling som sel dette vidare til bedrifter som bruker det i produksjon av nytt papp- og papirprodukt.

Plastemballasje frå hushald vert pressa i ballar og sendt til ALBA i Tyskland der dei bruker dette som råstoff til nye produkt i plastindustrien.

Glass- og metallemballasje vert sendt til Syklus i Fredrikstad. Metallemballasjen vert sortert ut og sendt til omsmelting. Glaset sorterast optisk i klart og farga glas og det vert sendt til fabrikkar som brukar det til ny produksjon av f.eks. glava, glassisopor, glassbetong, glassflasker og mykje anna.

Restavfall vert sendt til forbrenning ved Returkraft AS i Kristiansand. Varmen som oppstår ved forbrenninga vert bruka til produksjon av straum og til fjernvarme.

Jern og metall vert sendt til Stena Miljø i Kristiansand der det blir sortert, klypt opp i mindre bitar og vidaresendt til omsmelting.

Treverk vert sortert i reint treverk, overflatebehandla treverk og impregnert treverk. Reint treverk flisast og brukast som strukturmiddel i kompostering av matavfall og slam. Overflatebehandla og impregnert treverk sendast til forbrenning hjå Returkraft i Kristiansand.

Elektronikk / kvite- og brunevarer vert sendt til Revac i Vestfold der det demonterast og behandlast slik at mest muleg kan brukast om att til nye materialar. Eventuelle miljøfarlege stoff vert teke hand om og øydelagt.

Farleg avfall vert sortert på Syrtveit og sendt vidare til Stena miljø i Kristiansand som behandlar dette slik det gjer minst mogleg skade på miljøet. Det er her tale om attvinning og øydelegging.

Hage og parkavfall vert bruka som strukturmiddel i komposten og vert på denne måte til jord att.

Anna avfall: Selskapet tek imot alle avfallstyper. Parti som ikkje er nemnt ovanfor utgjer mindre mengder og er ikkje omtalt særskilt her. Generelt for alle avfallstyper er at dei vert handtert slik at mest muleg vert brukt om att og såleis ikkje er til skade for miljøet.