Døme på område ein kan få ta opp i ein revisjon er:

  • minstevassføring

  • vasspegel, tersklar

  • magasinrestriksjonar

  • tilhøve for vilt og fisk

  • tilrettelegging for ferdsel og friluftsliv (turvegar, båt, badeliv)

  • estetiske tiltak

  • erosjonssikring
     
  • tiltak for oppretthalde den økologiske balansen i vassdraget

Det vil ikkje vere mogleg å  få revidert høgast og minste vasstand i magasina, men det kan gis restriksjonar på fyllingsgrad av magasin i periodar av året av omsyn til dyreliv, friluftsliv, ferdsel m.m.

Merk at det berre er ålmenne vilkår som kan takast opp, spesifikke grunneigarspørsmål som t.d. skjønn og erstatningar er ikkje tema.

Lista er ikkje uttømmande. Det er viktig å få med alle tenkjeleg forhold i prosessen vidare.

Vi ønskjer primært skriftlege innspel til  post@valle.kommune.no  innan 20. april.

For spørsmål kan de kontakte sakshandsamar Frode Buen på frode.buen@valle.kommune.no eller tlf. 37 93 75 37