Statens vegvesen skal i samarbeid med Valle kommune i gang med å lage ein detaljreguleringsplan for rv.9 Rotemo-Lunden.

Planprogrammet, som ligg til grunn for arbeidet, blir lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 15.02-29.03.2019. Samstundes varslast det om oppstart av reguleringsplanarbeidet på rv.9 Rotemo – Lunden på den korridoren som er anbefalt i planprogrammet. Dette er i samsvar med plan- og bygningslova § 4-1 og § 12-8. Planprogrammet er tilgjengeleg digitalt HER, og i papirform på Velkomstsenteret, samt i Valle kommune sitt Planinnsyn.

Vi ber med dette om innspel til planprogrammet og til oppstart av planarbeidet.

Invitasjon til ope informasjonsmøte

Vi innbyr til eit ope informasjonsmøte på kommunehuset i Valle tysdag 5. mars 2019 kl. 18.00. Representantar frå Valle kommune og Statens vegvesen vil vere til stades. Det vil bli informert om planprogrammet og reguleringsplanarbeidet. Vi sett og av tid til diskusjon/medverknad.

Innspel til planarbeidet må sendast skriftleg til: Arendal Regionvegkontor, Postboks 723 Stoa, 4808 Arendal eller på e-post: firmapost-sor@vegvesen.no,
innan 29. mars 2019.

For meir informasjon ta kontakt med:

Guro Marie Mykland Marvik: guro.marvik@vegvesen.no, telefon: 95912106
Ingvild M. Lindaas: ingvild.lindaas@vegvesen.no, telefon: 97778119
Torleif Homme: torleif.homme@valle.kommune.no, telefon: 90101955

Planen blir utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova § 12-3.