I Noreg krev all omsetnad av alkoholholdig drikk særskilt offentleg tillatelse (bevilling). Det følgjer eit spesielt ansvar med det å innha ei sals- eller skjenkebevilling.

All sals- og skjenkebevillingar skal utøvast i henhald til alkohollovas reglar, og sals- og skjenkestadane må sørgje for at utøvinga av sal- og skjenkeverksomheit foregår på ein forsvarleg måte.

Sals- og skjenkeavgift (alkohollova) følgjer forskrift og pr. i dag er det minimum kr 1.200,- for sal og 3.500,- for skjenking. Ambulerande skjenkeløyve følgjer satsen i forskrifta pr. i dag kr 250,-.

Under "Tenesteomtalar" i høgre kolonne finn du meir informasjon om; Etablerarprøven, Kunnskapsprøven i alkohollova og om skjenke- og serveringsbevilling.