Telefon Valle skule:
99169862 - rektor
Gateadresse:
Harstadvegen 69, 4747 Valle
Postadresse:
Postboks 4, 4746 Valle
E-post- felles:
post@valle.kommune.no
E-post- rektor: Marit J Brokke
Org nummer: 975281019
Mange foreldre kan nok ergre seg over at skulen og SFO har stengt grunna planleggingsdagar. Det er ikkje alltid så lett å forstå kva formålet med desse dagane er, korleis ein nyttar dei og korleis dei kjem elevane til gode?
Valle skule har 6 planlegginsdagar pr skuleåre og skulen vel sjølv korleis ein skal nytte dei. I dei 3 siste åra har skulen hatt fokus på skriving som grunnleggjande ferdigheit og plandagane har innehold dette temaet. Vi har vore heldige å få delta i eit utviklingsprosjket med UIA og har hatt ekstern fagkomeptanse inn i våre utviklingsmøter.
Dei neste 2 skuleåra skal Valle skule fokusere på Vurdering for læring og vi skal delta i eit samarbeid med Høgskulen i Lillehammer- SkoleVFL 2.1. Alle lærarane og leiinga ved skulen skal då gjennom ei skulebasert kompetanseutvikling med fokus på "Bærekraftig vurderingskultur":
- Korleis får til betre læring hjå den einskilde elev gjennom ein heilskapeleg vurderingspraksis?
Så innhaldet i dei neste plandagane ved Valle skule vil ha kollektiv vurderingspraksis i fokus!
Forelrepulsen forklarar meir om planlegginsdagar i denne lenkja.
God lesing:)