Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline19. mai kl. 12:00

Rv. 9 forbi Valle sentrum stengt i nordgåande retning 25.mai kl. 11-14

Les meir... clear
error_outline30. april kl. 13:47

Varsel om endringar i vedteken plan for RV. 9 Besteland-Helle

For å kutte kostnader vil det blir gjort endringar i den vedtekne planen for ny riksveg 9 mellom Besteland og Helle. Det er den nordlege delen av planen som vil bli gjennomgått på ny.

Les meir... clear

Sikring og rehabilitering av bygg

Tenesteomtale

Når bustaden eller eit næringsbygg blir skadd av brann, flaum eller anna akutt hending, skal du kunne setje i gang rehabilitering av bygget utan å søkje kommunen og utan å varsle naboar. Ein eventuell førehandskonferanse skal haldast innan 5 dagar etter hendinga.

Eksempel på sikringstiltak er:

  • opning av konstruksjonar og brannskilje
  • etablering av mellombels bering og understøtting
  • mellombels tetting og sikring
  • fjerning av øydelagde bygningsdelar og installasjonar
  • fråkopling av vatn og avløpsleidningar

Målgruppe

Bustadeigarar og bedrifter.

Kriterium/vilkår

Ein må ta vare på persontryggleiken på vanleg måte for å bruke bygget.

Den som er ansvarleg for å sikre bygget, må passe på at sikringstiltaka følgjer reglane i plan- og bygningslova.

Dersom bygget er verneverdig, må eigaren avklare nærare med kommunen før tiltaka blir sette i gang. Dette blir gjort i ein førehandskonferanse som skal gjennomførast innan 5 dagar etter at hendinga skjedde.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Tjenesten oppdatert: 01.03.2018 13:30