Dersom du som skatteytar i Valle kommune vil ha kontakt med skatteoppkrevjaren må du vende deg til skatteoppkrevjaren i Setesdal som held til på Evje.

Skatteoppkrevjaren i Setesdal har ansvar for rekneskapsføring og innfordring av skatt, skattetrekk og arbeidsgjevaravgift for kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle. Kontoret yter også informasjon til og utfører kontroll av arbeidsgjevarar.

Skatt Sør Valle har kontor i Kommunehuset, 1. høgda. Se kontaktinformasjon til høgre.