Det er felles skogbrukssjef for Bygland, Valle og Bykle kommune. Kontorstad er kommunehuset i Bygland. Skogbrukssjefen utfører lovpålagte oppgåver, informerer og rettleiar innan skogforvaltning.

For bygging av skogsbil- og traktorveg krævast det søknad til kommunen (sjå tenesteomtale landbruksveg – bygging). Hogst i vernskog ut over vedhogst til eige bruk skal det søkjast om tillating til. Meir utfyllande om vernskog finn du ved å gå inn på Reglar for vernskogforvaltninga og vernskoggrenser i Bygland kommune. Søknad om tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK-midlar) og utbetaling frå skogfond sendast på eige skjema gjeven av Statens landbruksforvaltning eller tilsvarande søknad (sjå tenesteomtale skogfond og tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket).

I Setesdal er Kjell Arne Rosseland engasjert som faghjelp for å kome med råd og rettleiing i praktisk skogkulturarbeid m.m. Ved å kontakte skogbrukssjefen kan du som skogeigar få gratis synfaring av eigedomen i lag med faghjelpa. Skogbrukssjefen tek imot påmelding til kurs i aktivt skogbruk i Setesdal (sjå lenkje om skogkurs under).

 

Lenkjer:

https://www.slf.dep.no/no/eiendom-og-skog/skogbruk/om-skogbruk

http://www.miljødirektoratet.no/no/Tjenester-og-verktoy/Database/Naturbase/

http://artskart.artsdatabanken.no/FaneArtSok.aspx

http://www.skogoglandskap.no/kart/gardskart_pa_internett

http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/dok/veiledninger_og_brosjyrer/

2013/normaler-for-landbruksveier---med-byggeb.html?id=728812

http://www.skogkurs.no/