I perioden 2. – 8 mai vil NGU (Norges geologiske undersøkelse) utføre detaljert kvartærgeologisk kartlegging i utvalgte områder (sjå kart).

Arbeidet vert utført i samarbeid med NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) som har valgt ut dei aktuelle områda basert på skredhistorikk og bebygd område.

Føremålet med arbeidet er primært å kartfeste spor og avsetninger etter tidlegare hendingar av jordskred, steinsprang, fjellskred og snøskred, samt få ein oversikt over potensielle løysingsområder for slike skred.

Sluttproduktet vil vere detaljerte kart som vert tilgjengeleg for seinare skredfarevurderingar.

 

Arbeidet vert utført til fots langs dalsida, heilt ned til bustadområde. Innmark kartleggjast også, det vert teke omsyn til beitedyr, dyrkamark osv.

NGU sine medarbeidere bærer feltjakke tydeleg merka med etatens logo. Køyretøyer dei nytter er tilsvarande merka.