Det er registrert utbrot av harepest i Sør-Noreg og kommunen vil difor gjere folk merksam på at sjukdommen kan spreie seg til Valle kommune.
Harar som oppfører seg unormalt under jakt (går tregt i los), bør ikkje slaktehandsamast, då dette kan vera teikn på at haren er sjuk.
Meir info kring utbrotet av harepest og smitte finn du på Veterinærinstituttet si heimeside.  
 
https://www.vetinst.no/nyheter/mange-tilfelle-av-harepest-i-sor-noreg