Mange foreldre slit med å få barnet til å sovne og sove gjennom heile natta.  SoveKarin seier det er løysingar for alle familiar! Som barnesjukepleiar, helsesjukepleiar og søvnterapeut har ho lang erfaring i søvnrettleiing til barn i alle aldre.

No kjem ho til Bykle for å halde foredrag for foreldre/ føresette med barn i Bykle og Valle kommune. Alle som har ei interesse av dette er velkomne.

Innhald: 
• Vanlege søvnforstyrrelsar hos barn 
• Korleis innøve gode søvnvaner 
• Søvnmetodar 
• Tilstander som kan forstyrre søvnen 
• Andre faktorar

Bykle samfunnshus 26. November

kl. 17.00- Foredrag for deg med barn i alderen 0-6 år

kl. 19.00- Foredrag for deg med barn i skulealder

Det er mogleg å delta på begge foredraga.

Fri inngang!

Arr. Helsestasjon- og Skulehelsetenesta i Bykle, «Helse på hjul».