svømming-6 barn

Fritidsbading og badstove

Bassenget ligg ved idrettshallen i Valle kultursenter. Det er ope for familie- og fritidsbading kvar tysdag frå kl. 1600 og utover, og det er då også open badstove. Fritidsbading startar etter haustferien og stenger i midten av mai. Det er stengt i skulen sine feriar.

Det er alltid ei sertifisert badevakt til stades, men reglane er slik at barn under 12 år må vere saman med ein person på minst 16 år, som har ansvar for desse under badinga. Barn og unge over 12 år kan bade åleine, og det er då foreldra sitt ansvar at barnet er symjedyktig.

Opningstider og prisar, basseng og badstove:

BASSENGET     BADSTOVA  
Familiebading kl. 16:00-18:00   Familiar kl. 16:00-18:00
Ungdomar over 16 år og vaksne kl. 18:00-21:00      
Damer kl. 18:00-19:30   Menn kl. 18:00-19:30
Menn kl. 19:30-21:00   Damer kl. 19:30-21:00

Prisar (gjeld også når du berre nyttar badstova):

Enkeltbillettar   Årskort (oktober - mai)  
Opp til 16 år kr. 20,- Under 16 år kr. 300,-
Ungdommar vgs-alder kr. 30,- Ungdommar vgs-alder kr. 400,-
Vaksne kr. 40,- Vaksne kr. 600,-
    Familie kr. 800,-

 

 

 

Kontaktinformasjon

Velkomstsenter

Telefon: 37 93 75 00

E-post: post@valle.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS