Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Fotograf Leonhard Jansen

Bjørnaraagåva

"Bjørnaraagåva" frå Torgeir Bjørnaraa til minne om foreldra hans, Tora og Dreng Bjørnaraa, og "Setesdalsgåva" frå valldølar i Amerika vart i 1991 slegne saman til eit legat. Den årlege avkastinga av dette utgjer utdannings- og kulturgåva, og er eit legat for alle som er fødde eller busette i Valle eller Bykle kommunar, og er under 30 år. Målsetjinga er å stø ungdom som arbeider med gransking av tema som gjeld Setesdal og/eller Setesdalskulturen, og å utvikle tradisjonsberarar innan kunst og kultur.

Søknadsfristen er 15. november kvart år.

Til høgre på sida ligg meir informasjon om legatet samt søknadsskjema.

Johanne Hortemo

Honorarfond til folkemusikk

Føremål
Føremålet med honorarfondet er å gjere folkemusikken i Setesdal kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge. Fondet kan dekke delar av honoraret når  ein arrangør bruker folkemusikarar med lokal tilknyting til arrangement i Bygland, Valle og Bykle kommunar. Dersom det er unge utøvarar, kan fondet dekke heile honoraret.
Det er Valle sparebank, Valle, Bykle og Bygland kommunar som finansierer fondet, og Setesdal spelemannslag administrerer det.
 
Kven kan søkje om tilskot?
Alle arrangørar - lag, foreiningar, bedrifter eller privatpersonar - med tilskipingar i Bygland, Valle og Bykle kommunar, kan søkje om tilskot frå fondet. Ordninga gjeld ikkje for offentlege institusjonar. Honorarfondet kan støtte arrangement av dei fleste slag, anten det dreier seg om kulturinnslag ved konferansar, bedriftssamlingar, representasjonsoppdrag, opningsfestar, jubileum, ”runde dagar”,  private tilskipingar eller anna.
 
Retningslinjer for tildeling
Setesdal spelemannslag administrerer fondet, og definerer kva for utøvarar som kjem inn under ordninga. Det er utarbeidd rettleiande honorarsatsar for ulike typar utøvarar.
For unge utøvarar dekker fondet heile honoraret inntil kr 2500.
For tilskipingar med andre utøvarar dekkar fondet 2/3 av utgiftene inn til kr. 4000 per utøvar, og for grupper dekker fondet inn til kr. 12000.
Dersom arrangementet gjev overskot får ein ikkje dekka utgiftene. 
 
Søknad om tildeling
Søknad om tilskot frå fondet skal sendast til Honorarfond til folkemusikk. Skriv ein enkel søknad som inneheld opplysningar om arrangør, type arrangement, stad/tid, utøvar(ar) og avtalt honorar. Søknader blir handsama fortløpande, og tildeling skjer dersom søknaden tilfredsstiller retningslinene, og så lenge det er midlar på fondet.
Lotteri og stiftelsestilsynet

Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,2 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2014. Det er viktig å merke seg at underledd skal søkje via sitt sentralledd. I år vil difor søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet bli avvist. Tidlegare har vi lagt desse til sentralleddet sin søknad, men det blir ikkje gjort frå og med i år.
 
Mange som ikkje søkjer.
Erfaringar frå tidlegare år viser at det finnast mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Noregs Idrettsforbund (NIF), 4H Noreg, Noregs Musikkorpsforbund, Noregs Raude Kors og Noregs Jeger- og Fiskerforbund. Slike såkalte underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt.
 
Vi ønskjer å nå fleire.
Det er også ein del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrergrupper og andre lokale foreiningar.
 
De kan lese meir om regelverket for momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettsidene våre www.momskompensasjon.no. Her finn de også søknadsskjema. Dersom de lurer på noko, ta kontakt pr. e-post postmottak@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.
 
Minstegrenser
For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 200 000 kroner i totale driftskostnader, medan minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 14 000 kroner i søknadsberettiga meirverdikostnader.
Underledd slepp å ta hensyn til minstegrensene fordi dei vil inngå i søknaden frå sentralleddet.
 
Søknadsfrist.
Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2014.
Sentralledd set eigne fristar for innrapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonens nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.