Vaksenopplæringa i Valle held til i lokaler i det gamle kommunehuset i Valle sentrum.

Her ivaretakast kommunens oppgåver på vaksenopplæringsfeltet ut frå opplæringslova og introduksjonslova.

Hovedtyngden av de som deltek på kurs er flyktningar og innvandrarar som lærer norsk språk og samfunnskunnskap. Målet er inkludering med vekt på forberedelse til arbeid eller vidare utdanning. Både kunnskapsdepartementet, barne- og inkluderingsdepartementet og justisdepartementet legg viktige prinsipp for kommunens arbeid, og for målgruppas oppgåver og plikter. For de flyktninger som kommunen bosett, og som deltek i introduksjonsprogrammet samarbeidas det nært med flyktningekonsulenten i NAV.

Tenesteområdet omfattar også grunnskuleopplæring for vaksne.

Du som er over skulepliktig alder og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring og kan få søke om dette i henhald til Opplæringslova § 4A-1. Opplæringa gjeld i dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. Du har også rett på opplæring i grunnleggjande dugleikar om du treng det.

Opplæringa skal tilpassast ditt behov. Det gjeld både omfang, lengde og tidspunkt for undervisninga. Vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med barn og unge.