Logo  valle frivilligsentral

Valle frivilligsentral

Frivilligheit er samfunnets fundament. I vår globaliserte verden er det viktig å vere klar over at vi likevel er enkelmenneske som saman dannar eit samfunn som skal fungere best mogleg for den einskilde. Å sjå eit enkeltmenneske er viktig. Ein skal ikkje berre gå forbi og late som om det var greitt.  Det å bry seg, gjer ein skilnad. Det å sjå, vurdere og handle gjer noko  med oss.

Marja-Leena Steinbru er leiar for Frivilligsentralen i Valle kommune. Ho har kontor i rådhuset på sida av kommunestyresalen. Du når ho på telefon: 948 18 355 tysdag til fredag kl. 9.00-14.00 eller på e-post: marja-leena.steinbru@valle.kommune.no. Du kan også ringe Velkomstsenteret i kommunen.

Det er også ei eiga Facebookgruppe for Valle Frivilligsentral.

Vi treng nokon som kan hente folk til arrangementer, ta ansvar for ein møtestad, koke kaffe og steike vaflar eller lage annan enkel mat, kan spele og syngje for andre, passe på barn, hjelpe til med små gjeremål i heimane, følgje personar til legen eller på handletur, interessert i å være med på ein tur, være turleiar i nærområdet, skifte dekk, ta ansvar for ein eventuell snekkergruppe eller handarbeidsgruppe, eller andre ting.  Oppgåvene er mange og de varierer.  Du som er medarbeidar kan bruke dine ressursar og evner for å gjere ei innsats for samfunnet.

No er det viktig at folk melder seg og seier som frivillige medarbeidarar i sentralen. Like viktig er det å melde behov for hjelp eller ein handsstekning. Det er mange ulike oppdrag og små gjeremål som frivillige medarbeidarar kan ta tak i etter kvart.

Dei som melder behov får ikkje automatisk hjelp. Dette er avhengig av kor mange frivillige vi får,  men behova blir registrert.

Kontaktinformasjon

Marja-Leena Steinbru

telefon: 948 18 355

tysdag til fredag kl. 9.00-14.00

e-post

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS