Valle ungdomsklubb er organisert under avd. Kultur og fritid, Valle kommune. Klubben er for ungdomsskulealder og oppover. Faste klubbkveldar er onsdagar i partalsveker og torsdagar i oddetalsveker, kl. 19.00-21.30, og vi følgjer skuleruta. Det går gratis buss heim frå klubbkveldane. Hovudmålgruppe er 8.-10.klasse, men vi prøver også å gi tilbod som passar for eldre ungedommar som går på vidaregåande og folkehøgskulen.

På klubbkveldane er det ulike aktivitetar. Vi har eige filmrom og kjøkken, og nyttar også idrettshallen og av og til bassenget. Klubben passar både for dei som er aktive og for dei som berre vil ha ein stad å spele sjakk eller biljard med nokon, sjå ein film eller rett og slett berre treffe andre. I tillegg til dei faste klubbkveldane står klubben for arrangement i løpet av året, t.d. ungdomskonsertar, fredagsklubb osb., og samarbeider ofte med klubbar frå nabokommunane, kulturskulen og andre. Dersom du vil vite meir om kva for aktivitetar vi driv på med, kan du lese årsmeldinga for førre skuleår, som du finn på høgre side. I skuleåret 2015/2016 vil vi også prøve å ha eit tilbod for 5.-7.klasse av og til.

Det er kiosk på klubbkveldane, og alltid sal av varmrett. Vi satsar på låge prisar og mest mogeleg sunt utval i kiosken, og både når det gjeld mat og aktivitetar legg vi stor vekt på variasjon frå gong til gong. Inntektene frå matsal går til aktivititetar, turar og innkjøp som kjem klubbmedlemane til gode. Klubbleiar er Eliezer Ivan M. Contreras, og på dei faste klubbkveldane er også Liv Åkre Trydal med. Klubben har eit ungdomsstyre, som består av 1-2 representant frå kvar klasse i ungdomsskulen.

Ungdomsarbeidar Eliezer Ivan M. Contreras:
tlf. 480 72 462, e-post ungdomsarbeidar@valle.kommune.no.

Leiar Kultur og fritid: Torunn Charlotte Nyberg  
tlf. 970 61 587, e-post Torunn.Charlotte.Nyberg@valle.kommune.no