Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Artikkel 

Valle skule
Valle skule

Postadresse:
Postboks 4
4747 Valle

Telefon: 3793 7580
Telefax: 3793 7342
Epost: post@valle.kommune.no
Nettadresse: www.valle.no/valleskule

Fronter Læringsplattform

Skip Navigation Links Gå til hovedinnhold
View Part 

"Valle min heimstad"-veka for mellomsteget

Mellomsteget har hatt ei svært aktiv "Valle min heimstad"-veke med sykling, heietur, arbeidsdag og natursti.
Mellomsteget Kaldheimsheii
Måndag var tema stadnamn og spesielle hendingar ulike stadar i den øvre delen av kommunen. Leonhard Jansen frå Setesdalsmuseet guida 40 syklistar indre veg frå skulen og heilt opp til Rygnestad. Her fekk elevane omvising på Rygnestadtunet.

Tysdag tok Hugo Homme mellomsteget med til Kaldheimsheii som ligg aust for Store Bjørnevatn. Der fekk dei sjå gamle dyregraver og høyre om korleis folk jakta før i tida. I tillegg til det historiske tilbakeblikket fekk elevar og lærarar med seg ei flott naturoppleving på den strålande junidagen.

Onsdag var sett av til arbeidsdag. Elevane fekk prøve seg på ein arbeidsplass eller dei jobba heime.

Torsdag var temaet "Skog". Heile mellomsteget tok sykkelen fatt endå ei gong og svinga fyrst innom Setpro for å sjå kva dei laga av treprodukt før dei reiste opp til Løyland til Else L. Løyland og fekk orientering om ulike emne innanfor skog og skogbruk. Etterpå det vitja dei Løyland sag.

Fredag var det tur rundt Brottveit med natursti. Der fekk elevane sjå kva dei hugsa frå dei ulike turane dei hadde hatt denne veka. Heile denne veka viste veret seg frå si beste side og gjorte sitt til at veka vart vellykka.
Info 
Støle, Adelheid 18.06.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 
Artikkelkategori 

Aktivitetar

Artikkel - rediger 
Untitled [3] 
1-4 tema knapp, Fotograf: Valle, Redaktør 5 -7 temaknapp, Fotograf: Valle, Redaktør Tema3, Fotograf: Asbjørn N. Renberg, Copyright: Valle kommune Tema4, Fotograf: Asbjørn N. Renberg, Copyright: Valle kommune Tema5, Fotograf: Asbjørn N. Renberg, Copyright: Valle kommune