Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Artikkel 

Valle skule
Valle skule

Postadresse:
Postboks 4
4747 Valle

Telefon: 3793 7580
Telefax: 3793 7342
Epost: post@valle.kommune.no
Nettadresse: www.valle.no/valleskule

Fronter Læringsplattform

Skip Navigation Links Gå til hovedinnhold
View Part 

"Valle min heimstad"-veka for småskulen

I ”Valle min heimstad”-veka framførte 1-4 trinnet musikalen "Stopp, ikkje mobb!" med stor suksess.
Stopp ikkje mobb

Av Sigbjørg Næss

Elevane har brukt vårhalvåret til å øve inn ulike songer som høyrer til denne musikalen som første gong vart framført i Sola kommune i 2006. Mobbing er diverre framleis eit aktuelt tema, og kanskje spesielt jentemobbing? Kvifor nokre endar opp som mobbeoffer kan vere av heilt uforståelege grunnar. Av og til kan det og vere heilt uforståeleg at ein person blir ein som mobbar. Dette handla musikalen til småskulen om.

I "Valle min heimstad"-veka jobba elevar og lærarar intenst for å vere klare til premieren. Mange foreldre møtte fram fredag 18. juni for å sjå elevane framføre musikalen og vart imponerte over det dei såg og høyrde.

Info 
Støle, Adelheid 25.06.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 
Artikkelkategori 

Nyheiter

Artikkel - rediger 
Untitled [3] 
1-4 tema knapp, Fotograf: Valle, Redaktør 5 -7 temaknapp, Fotograf: Valle, Redaktør Tema3, Fotograf: Asbjørn N. Renberg, Copyright: Valle kommune Tema4, Fotograf: Asbjørn N. Renberg, Copyright: Valle kommune Tema5, Fotograf: Asbjørn N. Renberg, Copyright: Valle kommune