Plan Bee i 6. klasse
6. klasse ved Valle Skule har vore på utflukt for å lære meir om honningbier.
Ein fin maidag tok 6.klasse turen til Mykjedalen i Brokke for å studere honningbier. I hagen til Øyvind Jacob hadde sola varma kubene nok til at det var litt futt i bifolket. Runar Granheim hadde god kontroll på både bier og ungar. Det vart eit interessant studie i birøkt og pollinering. Skulen takkar Øyvind for å stille hagen til disposisjon.