Aktivitetsdag på Valle skule
Siste skuledagen 2009-2010 var det aktivitetsdag på Valle Skule.
På aktivitetsdagen vart klassane delte inn i aldersblanda grupper. Småskulen hadde sine eigne aktivitetar medan mellomsteget og ungdomssteget samarbeidde om ei felles aktivitetsløype. Det var 8 stasjonar med ulike aktivtetar som mjølkespannkasting, spikring, saging, hesteskokasting, sekkeløp og ulike samarbeidsoppgåver.
Etter matpausen samlast lærarar og elevar i idrettshallen til fotballturnering. Det var sett opp tre aldersblanda elevlag og eitt lærarlag. Etter intense kampar der både lærarar og elevar gav alt, var det lærarane som gjekk av med seieren. Revansjelystne elevar håper at dei får sjansen seinare til å spele mot lærarane og vinne over dei!
Rektor stod for avsluttinga av dagen og skuleåret med ein kort tale og utdeling av is og karakterar til 8. og 9. klasse.
God sommar til alle!