Elevar - Det fysiske arbeidsmiljøet
Skolen har plikt til å drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å ivareta miljøet for elevane. Skolane skal planleggjast, byggjast, tilretteleggjast og drivast slik at ein tek omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane. Det fysiske innemiljøet omfattar faktorar som luft, temperatur, lys- og strålemiljø, akustikk og mekanisk innemiljø. Utemiljøet femner m.a. om lokalisering, utforming av leikeareal, leikeapparat. Skolen har plikt til å ta stilling til oppmodingar om tiltak frå elevar og føresette som gjeld det fysiske miljøet, og skal innan rimeleg tid gjere skriftleg vedtak.
Målgruppe
- Elevar i grunnskolen og vidaregåande skole
- Elevar som nyttar skolefritidsordninga
Namn
Hylestad skule
Adresse
Postboks 4, 4747
Tlf
3793 7500
E-post
post@valle.kommune.no
Besøksadresse
Hylestad skule, 4748 Rysstad
Ansvarleg eining
Hylestad skule
Rettleiing
Elevar, føresette eller råd og utval som representerer dei, kan be om at det blir sett i verk tiltak som gjeld det fysiske miljøet.
Handsaming
Saksbehandlingstid: Skolen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.
Klagemuligheit
Når det er gjort vedtak, gjeld dei vanlege klagefristane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker etter at meldinga om vedtaket er motteken.
Dersom skolen etter å ha fått tid til å vurdere saka ikkje gjer noko vedtak, kan det likevel klagast som om det var gjort eit vedtak.
Klaga må vere skriftleg og grunngjeven. Klaga skal leverast til skolen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det.
Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket ikkje blir endra, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.
Lover
Opplæringslova § 9a-2 Friskolelova § 2-4
|
|
|
|