KRL-faget - Melding om delvis fritak
Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL) blei gradvis innført i grunnskolen frå 1997. KRL erstatta dei gamle faga kristendomskunnskap og livssynskunnskap. KRL skal vere eit fellesfag for alle elevar, uansett religiøs eller livssynsmessig bakgrunn. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande. Det blei gjort endringar i
reglane om undervisninga i faget
læreplanen for faget
reglane om avgrensa fritak Reglane gjeld frå og med hausten 2005. Endringane er gjort for å imøtekomme dei synspunkta som menneskerettighetskomiteen i FN kom med i ei fråsegn 3. november 2004. Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delane av undervisninga som foreldra eller eleven ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutnad til eit anna livssyn, eller som dei opplever som støytande eller krenkjande. Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding. Til tross for at det er forbod mot forkynning i skolen, kan det oppstå situasjonar som nokre foreldre eller elevar opplever som problematisk. Fritaksretten gjeld alle skolefag. Skolen skal kvart år informere elevane og foreldra om reglane for fritak.
Målgruppe
Elevar og foreldre til elevar
Kriterium
Foreldre eller elevar som opplever at undervisninga
er utøving av ein annan religion eller tilslutnad til eit anna livssyn
er støytande eller krenkjande
Brosjyre
KRL-faget - Informasjon til føresette
Namn
Hylestad skule
Adresse
Postboks 4, 4747
Tlf
3793 7500
E-post
post@valle.kommune.no
Besøksadresse
Hylestad skule, 4748 Rysstad
Ansvarleg eining
Hylestad skule
Rettleiing
Foreldra / dei føresette må melde skriftleg til skolen kva for aktivitetar dei vil eleven skal fritakast frå. Elevar som har fylt 15 år, kan sjølve gje skriftleg melding utan samtykke frå foreldra / dei føresette.
Søknad sendast
Hylestad skule
Postboks 4, 4747
Handsaming
Skolen skal ved fritaksmelding sørgje for at fritaket blir gjennomført og leggje til rette for at eleven får anna undervisning innanfor læreplanen.
Klagemuligheit
Dersom skolen ikkje godtek fritaksmeldinga, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga sendast dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, går saka vidare til Fylkesmannen.
Lover
Opplæringslova §§ 2-4 og 2-3 a
|
|
|
|