Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Artikkel 

Valle skule
Valle skule

Postadresse:
Postboks 4
4747 Valle

Telefon: 3793 7580
Telefax: 3793 7342
Epost: post@valle.kommune.no
Nettadresse: www.valle.no/valleskule

Fronter Læringsplattform

Skip Navigation LinksTenesteområde > Skule og utdanning Gå til hovedinnhold
Tjenestebeskrivelse 

Spesialundervisning i grunnskolen

Spesialundervisninga skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet gjev eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det samme totale undervisningstimetalet som gjeld for andre elevar.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Kriterium

Før kommunen gjer vedtak om spesialundervisning, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei spesielle behova som eleven har. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod som eleven bør få.

Samarbeidspartnarar

Pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta)
Departementet skal sørgje for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for spesialundervisning.

Kontaktinformasjon

Namn

Hylestad skule

Adresse

Postboks 4, 4747

Tlf

3793 7500

E-post

post@valle.kommune.no

Besøksadresse

Hylestad skule, 4748 Rysstad

Ansvarleg eining

Hylestad skule

Søknadsprosess

Rettleiing

Eleven eller foreldra / dei føresette til eleven kan krevje at skolen gjer dei nødvendige undersøkingane for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva for opplæring eleven treng.

Handsaming

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Saksbehandlingstid:
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klagemuligheit

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Hvis vedtaket bir halde ved lag, vil saka gå vidare til klageinstansen.

Lover og retningsliner

Lover

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. opplæringslova kapittel 5.
Opplæringslova
Tjeneste - info 
Valle, Redaktør Sist oppdatert 10.02.2009 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 
Andre tenester i kategorien 

Skule og utdanning

Relasjonar 
Untitled [3] 
Piktogram Turisme, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune Piktogram - Handel og næring -små bokstavar, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Ove Kjetså Piktogram - Lag og organisasjonar, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune Piktogram - Om Valle, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune Piktogram - Miside, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune